fbpx

Son Volt – American Central Dust (2009)

American Central Dust er Son Volts sjette album og ble utgitt på Rounder Records den 7.juli 2009. Dette var før både Musikkbloggen og No Deal Music hadde åpnet dørene, men i Platearbeidaren sitt rikholdige plateomtalearkiv fant vi en anmeldelse av albumet som vi ba pent om å få gjenbruke i anledning Son Volt-Week på Dust of Daylight.

Årets plate frå Son Volt kan vel vise seg å være ei av deira beste.

Etter si førre plate, “The Search”, følte eg at lufta var gått ut av ballongen til Jay Farrar.

Godt då å høyre at Son Volt er attende på det sporet dei var på dei to første platene, “Trace” og “Straightaways”. Bein fram Americana, eller alt.country om du vil.

Den mest vellukka fisjonen av eit band nokosinne, oppløysinga av Uncle Tupelo i 1993, førde til at vi i staden for eitt genialt band, fekk to. Son Volt med Jay Farrar og Wilco med Jeff Tweedy.

Og der Wilco og Tweedy har klart å holde oppe kvaliteten, har Farrar vore litt meir variabel. Både med SonVolt og spesielt som soloartist.

No blei ikkje den karrieren spesielt lang, men eg håpar Farrar fortset i same sporet han no har komma inn på igjen med Son Volt og slår frå seg ambisjonane som soloartist.

Allereie på opninga “Dynamite” skjønar vi Farrar meiner alvor, halvtempo slentrande klassisk Son Volt. Som det skal være. “Down to The Wire” og “Roll On” fortset i same terreng med ein rå lapsteel i front, piano med lyden av 70-tals Tom Waits opnar og roar tempoet heilt ned på “Cocaine And Ashes” saman med ein nydeleg fiolin/viola.

Ein fiolin som er berande på den litt raskare etterfølgjaren, “Dust Of Daylight”. Det er nesten så ein får Gram Parsons-assosiasjonar. “When The Wheels Don’t Move” er platas tyngste og mest malande låt, utan å eigentleg skilje seg ut frå heilheita, stemninga blir løyst opp litt med ei brusande orgel på “No Turning Back”. “Pushed Too Far” og “Exiles” tek det heile ned med nydeleg steel-gitar og fele på sistnemnde i botnen. Den verste maritime hendinga i amerikansk historie er temaet på “Sultana” , ein ganske stilleståande piano- og felebasert låt. Like mykje ei diktopplesing som ein song. Glimrande.

Beaten kjem attende på “Strenght And Doubt” og tempoet blir skrudd opp ytterlegare på “Jukebox Of Steel”. Platas beste låt med ei særs effektiv twangy gitar på versa og mellomspela.

Men for all del, når eg skriv at tempoet blir auka er det kanskje litt feil. Tempoet er ganske jamt roleg på heile plata, det er samtidig det som gjer denne plata så inderlig og intens. Nettopp det at ho eigentleg ikkje gjer så mykje av seg men samtidig skin på den måten ho gjør førar denne høgt opp på lista over årets plater.

Eg klarar faktisk ikkje å finne noko feil med ho!

Terningkast 6

Første gang publisert på Firdaposten.no den 27.08.2009

[youtube_video]http://youtu.be/PiGrpY7h92M[/youtube_video]

Siste artikler

Lest dette?