Må seie at eg mista litt av sikten på The Felice Brothers på Celebration Florida, gitt ut i 2011. I mine øyro eit mislukka forsøk på å modernisere lydbiletet. Favorite Waitress tre år seinare retta heldigvis opp att det dårlege inntrykket eg hadde av brørne. Og no endå to år seinare kjennest det ut som dei er attende i full form.
Med den sedvanlege blandinga av dei lett vindskeive, halvkrakilske låtane som “Aerosol Ball”, “Jack At The Asylum” (roleg, ja vel. Men med galskap like under overflata), “Sally!” og “Dancing On The Wing”. Ofte instrumentert med trekkspel og/eller fele. Den meir konvensjonelle rockelåten i “Plunder”. Blir ein annan variabel.
Men det som virkelig gjør plata til det den er, dei rolige låtane. “ Life in the Dark”, “ Triumph ‘73” og “Diamond Bell”. Sistnemnde om revolverkvinna med samme navn.
Som tidlegare er musikken americana/folk av det skranglete slaget første gong levert av Bob Dylan og The Band på slutten av 60-talet, og Marah som dei læt på debutplata frå 1998.
Alt i alt ei flott plate. Og vel verdt ventinga.
Denne artikkelen er tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 21.06.16 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.