Usannsynleg bra for tredje gong 

På si tredje plate, alt etter korleis ein tel, står bandet frå Tennessee like sterke som tidlegare. Igjen med eit til tider intenst, pulserande lydbilde. Men også med rolegare innslag. Rock, blues, country, alt.country, Americana. Med stadig tydeleg slektskap til samtidige sørstatsband, som til dømes Lee Bains III & The Glory Fires, Lucero og Dexateens. Plata er elles gitt ut på Cornelius Chapel Records, plateselskapet til Elliott McPherson frå sistnemnde band.

Og i spissen som vanleg brørne Matthew og Marty Bohannon. Høvesvis på hovudgitar og hovudvokal, med nokre få unntak.

Opninga “Run The Roads” set raskt stemninga. Hissige harde, bitande gitarar. Med litt syrete kantar, og gjennomgåande fin variasjon i tempo og trykk. Det høyrest også ut som om inspirasjonen denne gongen ligg litt i tidleg 70-tal. Les MC5 og The Stooges.

“No Trouble Tonight” plasserer Matthew bak mikrofonen, den første av to gongar, samstundes som tempoet blir skrudd opp. Til ei blanding av 1972 og 1977. Mykje sinne, han seier at han ikkje ser etter bråk i kveld, men det høyrest ikkje sånn ut.

Tittelkuttet roar det ned att innleiingsvis, men “Luminary Angels” tek seg opp etter kvart. Låten har ikkje noko med skinande englar å gjere. Den baserer seg på historier han blei fortalt av ei kvinne han vart kjend med frå Luminary. Ein av dei meir grisgrende delane av Tennessee. Og etternamnet til mange av personane i forteljingane var Angel. Historier han seier i beste fall var rare. Som livet på landsbygda i sørstatane ofte er. Musikalsk blir det litt som “Swee Home Alabama” frå helvete.

“Smoke and Ashes” opnar med Marty i svovelpredikant-modus. Men låten er litt rolegare, nærast folk-aktig i uttrykket. Og meir melodiøs.

Med “2000 Nuthin” er vi attende på køyret, hardare og meir utagerande. Men framleis med den melodiøse linja frå føregåande låten.

“Vacation” plasserer igjen Matthew bak mikrofonen, og denne gongen er det utvilsamt folk. Folkrock nærare bestemt, med ei fele som prikken over i-en. Nok ein flott og melodiøs låt.

Og så kjem platas varaste og finaste augneblink, “Heart Go West”. Ein nydeleg, haltande countrylåt. Og ei side av bandet vi ikkje har høyrt sidan “Grammaw and Grandpaw” på EP-en Days of Echo frå 2010.

“Dog Days” aukar opp att tempoet. Slepp laus Matthew sin gitar litt meir. Som eit forvarsel på kva som kjem. Framleis med det melodiøse uttrykket intakt. Det er hakket før vi går heilt ned og helsar på djevelen sjølv.

Og på avsluttingslåten “Big Mouth”, er både han og han hin til stades både i sinn og i sjel. Låten høyrast uansett ut som eit oppgjer av episke proporsjonar. Her er gitarane i førarsetet, målande. Flerrande. Det blir uvesentleg kva låten handlar om. Det einaste som betyr noko er dei herlege gitarane som held deg fast i ein malstraum av lyd. Og ikkje slepp taket før låten tonar sakte ut. Det er så ein nesten sit sveitt igjen utan å ha bevega seg.

Men uansett, bandet har levert nok eit fantastisk album. Ikkje verken fornyande eller grensesprengande, berre usannsynleg bra.

———-

Denne artikkelen er tidligere publisert i Firdaposten i spalta «Platearbeidaren» den 14.06.17 med terningkast 6 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here